Whoosh! er det 21. studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 7. august 2020. Sjølv om han var med på det neste albumet deira, Turning to Crime, er dette det siste studioalbumet med originale songar med den mangeårige gitaristen deira Steve Morse, som slutta i bandet i juli 2022.

Bakgrunn Gruppa samarbeidde med produsenten Bob Ezrin, som òg hadde jobba med dei to tidlegare albuma. Dei likte innspelinga og produksjonen. Utgivinga vart promotert med ei rekkje pressefråsegner frå vokalist Ian Gillan, som «Another album?! Whoosh?!!! Gordon Bennett!!!!». Han forklarte at tittelen til albumet var vald på grunn av dei onomatopoetiske kvalitetane, og at det «sett gjennom den eine enden av eit radioteleskop skildrar den forgjengelege naturen til menneskja på jorda». Han sa òg at fansen berre skulle lytta til albumet som ei hyggjeleg oppleving.

Albumet skulle opphavleg kome ut 12. juni 2020, men vart utsett på grunn av covid-19-pandemien. Gillan sa at det var fordi distribusjonskøane for fysiske medium burde venta til nedstengingane letta og restriksjonane vart oppheva.

Tre songar frå albumet vart gitt ut som digitale singlar, først «Throw My Bones». Den tredje, «Nothing at All», tek for seg temaa Moder natur, korleis menneska responderer på klimaendringar og - i den tilhøyrande musikkvideoen - plastforureining.

Den instrumentale «And the Address» dukka først opp som opningssporet på debutalbumet til bandet Shades of Deep Purple frå 1968. Den einaste musikaren som medverka på begge innspelingane var trommeslagaren Ian Paice.

Utgiving Albumet er delt inn i «Act 1» (spor 1 til 6) og «Act 2» (spor 7 til 12), med «Dancing In my Sleep» som bonusspor på alle utgåvene. Dobbelt-LP-en følgjer likevel ikkje denne inndelinga, då «What the What» er det siste sporet på side 2.

Det finst òg ei avgrensa utgåve med CD+DVD (i «mediabuok»-innpakning) som inneheld ei full framføring av «Live At Hellfest 2017» (92 min), og «Roger Glover and Bob Ezrin in conversation (60 min)». Denne er òg inkludert i Whoosh-boksen. Whoosh-boksen

Mottaking Albumet fekk generelt sett gode meldingar. Fleire publikasjonar la merke til at albumet inneheldt relativt korte spor og rosa den økonomiske låtskrivarstilen. Ei melding i NME sa at albumet ikkje høyrdest ut som musikk frå 2020, men antyda at «kanskje det er bra».

Med ei topplassering på fjerdeplassen var dette det høgast rangerte studioalbumet til Deep Purple i Storbritannia på 46 år.

Innhald

Medverkande Deep Purple Ian Gillan – solo- og korvokal Steve Morse – gitar Roger Glover – bass Ian Paice – trommer Don Airey – klaverinstrument

Andre medverkande Saam Hashemi – programmering på «Dancing in My Sleep» Ayana George, Tiffany Palmer – korvokal på «No Need to Shout»

Production Bob Ezrin – produsent, miksing, perkusjon, korvokal Julian Shank – lydteknikar, miksing Alex Krotz, Jaime Sickora – lydteknikarar Zach Pepe – lydteknikarassistent Justin Cortelyou – miksing, sporing Jason Elliott, Justin Francis – miksing Bryce Robertson – sporingsassistent Eric Boulanger – mastering John Metcalf – orkesterarrangement på «Man Alive» Alan Umstead – dirigent på «Man Alive» Nick Spezia – orkesterinnspeling på «Man Alive» Ben Wolf – bandfotografi Elena Saharova – landskapsfotografi Jekyll & Hyde – design

Salslister

Vekeslister + Weekly chart performance for Whoosh! Liste (2020) Plassering Den franske albumlista (SNEP) 8 Den spanske albumlista (PROMUSICAE) 16

Årslister Liste (2020) Plassering Austerrikske album (Ö3 Austria) 56 Belgiske album (Ultratop Vallonia) 161 Tyske album (Offizielle Top 100) 26 Polske album (ZPAV) 68 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 26

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Whoosh!» frå , den 17. juli 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Musikkalbum frå 2020 Kategori:Deep Purple-album Kategori:Edel AG-album Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Nummer-ein-album i Belgia Kategori:Nummer-ein-album i Finland Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Skottland Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike