2000 (romartal MM) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.
Året var utnemnd til internasjonalt år for fredskultur av SN.
Y2K I dataverda venta ein store problem med gammal programvare som ikkje var innstilt på årstal som byrja med 20. Den store nyttårskrisa uteblei, men seinare på året sprakk «dot com»-bobla og fleire IT-selskap gjekk konkurs.
Hendingar
mini|Romsonden Cassini-Huygens passerte Jupiter og sende bilde av planeten tilbake til jorda. Utlandet 1. januar: Den svenske kyrkja og staten blei skilde 1. juli: Opninga av brua over Øresund. I september blei det halde Sommar-OL i Sydney. 24. september: Slobodan Milosevic tapre presidentvalet i Jugoslavia 7. november: George W. Bush vann ein knepen og omdiskutert siger i det amerikanske presidentvalet. 12. desember: Etiopia og Eritrea blei einige om ein fredsavtale i Algiers. 30. desember: Romfartøyet Cassini-Huygens passerte Jupiter på veg mot Saturn.
Noreg Ballongflyging, modellflyging, mikroflyging og motorflyging blei tekne opp som idrettar av Noregs Luftsportsforbund. 26. august: Otta fekk bystatus. 27. november: Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel, blei opnet av kong Harald V.
Fødde
21. mars: Elias Elffors Elfström, svensk songar 31. oktober: Willow Smith, USA-amerikansk songar og skodespelar
Døde
19. januar: Bettino Craxi, italiensk statsminister 5. februar: Göran Tunström, svensk forfattar 12. februar: Charles M. Schulz, amerikansk teikneserieskapar (Knøttene) 2. mars: Audun Boysen, norsk friidrettsutøvar 6. april: Habib Bourguiba, tunisisk president 1957-1997 7. april: Bjarte Birkeland, norsk litteraturforskar 29. april: Phạm Văn Ðồng, statsminister i Nordvietnam 1954-1976, og i Vietnam 1976-1986 10. juni: Hafez al-Assad, statsleiar i Syria 5. august: Alec Guinness, britisk skodespelar 25. august: Carl Barks, amerikansk teiknar og teikneserieforfattar 28. september: Pierre Trudeau, statsminister i Canada 1968-1979 og 1980-1984 10. oktober: Sirimavo Bandaranaike, srilankisk statsleiar 17. oktober: Joachim Nielsen, norsk rockemusikar 18. november: Torstein Tynning, norsk bonde og politikar 22. november: Emil Zátopek, tsjekkisk langdistanseløpar 23. desember: Victor Borge, dansk-amerikansk pianist og humorist