Head Island er ei lita øy som ligg 0,6 nautiske mil sør for Andrews Point og nær nordaustsida av Île Anvers i Antarktis. Øya ligg ved søraustsida av Hackapike Bay og må ikkje forvekslast med Pear Island og False Island som ligg like mot nordaust. Head Island vart kartlagd frå «Penola» av British Graham Land Expedition (1934–37) under John Rymill. Ein trur at namnet er skildrande og er datert attende til kring 1952.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Kategori:Øyar i Antarktiske Arkipel