«Cherry, Cherry» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Songen vart arrangert av Artie Butler og produsert av Jeff Barry og Ellie Greenwich. Han vart gjeven ut på singel i 1966 og vart den første store hitten til Diamond, s. 88. med ein sjetteplass på både Billboard Hot 100 chart, i oktober 1966, og Cash Box-lista. Singelen skal ha selt over 1 million eksemplar verda over. Ellie Greenwich kom oppmed refrenget og kan høyrast på korvokal.
I 1973 vart eit konsertopptak av «Cherry, Cherry» gjeve ut på singel frå konsertalbumet Hot August Night (1972). Denne versjonen nådde 24. plass på Cash Box-lista og 31. plass på Billboard Hot 100-lista.
Rolling Stone omtalte sidan «Cherry, Cherry» som «ein av dei beste tre-akkordssongane gjennom tidene».
Studiogitaristen Al Gorgoni (som seinare spelte på «The Sound of Silence» av Simon & Garfunkel og «Brown Eyed Girl» av Van Morrison) spelte på songen.
Det er gjeve ut to versjonar av «Cherry, Cherry». Den mest kjende versjonen vart gjeven ut av Bang Records i 1966. Den andre verdsjonen, med forskjellig tekst og opphavleg meint som singel, vart etter kvart gjeve ut av Diamond og Sony Music Entertainment i 1996 på samlealbumet In My Lifetime.
Andre versjonar
Dizzy Gillespie spelte ein versjon av songen i 1966 på The Melody Lingers On (på Limelight Records).
The Music Machine spelte ein versjon av songen i 1966 på albumet (Turn On) The Music Machine (på Original Sound).
Jonathan King spelte ein versjon av songen i 1970 og vart ein hitt i heile Europa, særleg i Nederland, Belgia og Frankrike.
Kramer spelte ein versjon av songen i 2010 for albumet The Brill Building (på Tzadik Records). Songen er songen på spansk/cubansk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cherry, Cherry» frå , den 21. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond Kategori:Dizzy Gillespie-songar