1922 (romartal MCMXXII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske.

Hendingar

Utlandet 28. februar: Egypt blei formelt uavhengig frå Storbritannia, men fekk ikkje reelt sjølvstende før i 1952. Britane heldt på kontrollen over militære og diplomatiske saker. 10.–14. mars: Streiken starta av kvite gruvearbeidarar ved Johannesburg i Sør-Afrika den 28. desember 1921 gjekk over til ope opprør mot styresmaktene, Rand-opprøret. 18. oktober: British Broadcasting Company, forløparen til BBC, vart stifta. 1. november: Det osmanske riket opphøyrde etter 600 år då den siste sultanen, Mehmed VI, abdiserte. 30. desember: Grunnlegginga av Sovjetunionen.

Utan dato Baltzar von Platen fann opp prinsippet for kjøleskapet.

Noreg 21. februar: Stiftinga av Unge Høyres Landsforbund. 1. juli: Randaberg blei eigen kommune, utskilt frå Hetland herad. 22. juli: Den første større sivile flyulukka fann stad ved Rørvik. Tre døydde.Erling Svanberg: Langs vei og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5 30. november: Opprettinga av Vinmonopolet.

Norsk Landmandsforbund endra namn til Norges Bondelag.

Fødde mini|Aud Schønemann med ektemann i 1970

5. mars: Pier Paolo Pasolini, italiensk filmskapar og forfattar 5. mars: Jack Kerouac, amerikansk forfattar 22. april: Charles Mingus, amerikansk jazzmusikar 28. april: Alistair MacLean, skotsk forfattar 23. mai: Edith Ranum, norsk forfattar 10. juni: Judy Garland, amerikansk skodespelar 13. november: Aud Schønemann, norsk skodespelar 8. desember: Lucian Freud, tysk målar

Døde

5. januar: Ernest Shackleton, britisk polarforskar 22. januar: Pave Benedikt XV 26. januar: Henrik Angell, norsk soldat og skipioner 6. februar: Kyrre Grepp, norsk journalist og politikar 14. februar: Magnus Halvorsen, norsk forretningsmann og politikar 3. april: Aasulv Bryggesaa, norsk gardbrukar og politikar 24. juni: Walther Rathenau, tysk industrileiar og politikar (attentat) 2. august: Alexander Graham Bell, USA-amerikansk oppfinnar 21. august: Jørgen Løvland, norsk politikar og statsminister (1907-08) 22. august: Michael Collins, irsk opprørsleiar, drepen 14. november: Rudolf Kjellén, svensk statsvitar 18. november: Marcel Proust, fransk forfattar

Kjelder